Unge vil danse
”Kultur gir helse” var eit nasjonalt prosjekt sett i gang av Helse- og sosialdepartementet og Norsk kulturråd i 1997. Dans vart eit satsingsområde for born og unge. Danseverkstadsmodellen vart utvikla med verkemiddel som arbeid med fleirkulturelt fellesskap, spreiing av gode haldningar og verdiar, bevisstgjering av unge sine val m.m. Målet var at dansen skulle tilføre unge ny kompetanse og eigenverdi. Modellen er ei heilskapsløysing der økonomi, organisering, driftsmodell og forankring er skildra.
Fire fasar
Modellen vert implementert gjennom fire fasar, der kommune og deltakarar har eigne kurs og kompetansemål. Hovudmålet er å kvalifisere instruktørar og støtteapparat til å drive ein danseverkstad med elevar.
Danseverkstadsmodellen vert skreddarsydd til kvar enkelt kommune som ønskjer eit slikt tilbod.
Ung - til - ung metodikk
I korte trekk byggjer metoden på at ungdom kan påverke andre ungdomar i langt større grad enn vaksne kan. Ungdom med ein bodskap og ein motivasjon klarar å nå inn til andre i same aldersgruppe i eit mykje større omfang. Metodikken inneber også ei kvalifisering for ungdomane innan ulike stilartar i dans, koreografi, instruksjon og haldningar. All aktivitet i danseverkstaden byggjer på dei unge sitt uttrykk og deira behov.
Medverknad
Medverknad er eit sentralt omgrep i DUG sin måte å arbeide og tenkje på. Erfaringa syner at prosjekta det vert arbeidd med lukkast når dei unge får vere med å bestemme og ta avgjersler som påverkar deira eigen kvardag. Born og unge skal ha innverknad på område som vedkjem dei. Korleis det vert organisert, formelt eller uformelt, er opp til ungdomane sjølve. Det viktigaste er at dei unge skal kjenne seg verdifulle og viktige for danseverkstaden.
Sogn og Fjordane først ute
Sogn og Fjordane fylkeskommune valde å etablere eit formelt samarbeid med DUG i si satsing på fysisk aktivitet hos unge i fylket. Dette samarbeidet er ein del av folkehelsearbeidet som ligg i fylkesplanen for 2005-2008. Under paraplyen UNGarena har målsetjinga vore å etablere danseverkstader i fylket sine 26 kommunar.
Dette samarbeidet har ført til nybrottsarbeid for satsinga på born og unge i fylket, og gjeve DUG nye erfaringar og fleire arenaer å spreie danseglede på.








