Produksjonar og prosjekt

Oppfølging og produksjonar
Etter oppstart av ein danseverkstad i ein kommune, tek ungdomane over sjølve drifta av verkstaden i samarbeid med ein vaksenleiar tilsett i ein viss prosentstilling i den aktuelle kommunen.
” Dans uten grenser ” har oppfølging ei tid etter oppstart av ein verkstad, og held kontakten med verkstaden.
Ein stor del av kvardagen til ” Dans uten grenser ” er å setje opp nye produksjonar, lage dansecampar, show og planlegge og tilrettelege solidaritetsturnear for danseverkstadane som ønskjer slike tilbod. 
Produksjonane vert skreddarsydd til danseverkstaden som vil ha ein produksjon.

Oversikt over produksjonar og aktivitetar
1994: Turneen ” Stopp ”: turnerte Møre & Romsdal, Hordaland og Sogn & Fjordane. Koreograf var Ove Henning Solheim.
1995: Turneen ”Med livet i en tynn tråd”: Eit samarbeid mellom ” Dans uten grenser” og ” Nei Til Narkotika ”. Eit danse - og dramastykke med tema som sorg og glede i ungdomstida. Koreograf var Ove Henning Solheim
1996: Produserte fleire danseprosjekt for Rissa Kommune; Eit danseprosjekt for å gjere ungdom bevisst på kva rusmisbruk og fortidleg debut seksuelt kan resultere i. Koreograferte framsyninga ” Nå eller aldri ” på Stord. Eit moderne stykke om kvardagslivet og endringar som skjer. Vik i Sogn; 5 dansekurs vart halde innan trendbasert dans
1997: Rehabilitering og tilrettelegging av ny klubbdrift i Rygge kommune.
1998 – 1999: Prosjektleiar for ”Kultur gir helse” i Rygge Kommune. Utvikling og gjennomføring av Danseverkstadsmodellens 5 faser. Turne i Danmark – Med ungdomsgruppa og instruktørkorpset ”Sensur” Turne i Sverige – Med ungdomsgruppa og instruktørkorpset ”Sensur”
2000: Prosjektleiar for den internasjonale dansefestivalen ”Kick Ball Change” på bestilling av Rygge Kommune.
2000: Mottok prisen ” MOT ” frå organisasjonen MOT for eit flott arbeid for barn og unge, og for å drive nybrottsarbeid innan dans og ungdomsarbeidet.
2000: Tilrettelegging for etablering av Brevik Danseverkstad i Vestby Kommune
2000: Etablering av Askim Danseverkstad i Askim Kommune
2001: Etablering av Spydeberg Danseverkstad
2001: Gjennomføring av Norges største ungdomsarrangement ” UM i discodans ”
2001: Framsyninga ” Dans Uten Grenser ” unge talent i Gimle teater i Moss Produsent og koreograf var Ove Henning Solheim og Bård Eirik Bergflødt
2001: Dansarar frå Dans uten grenser opna kompetanseforum sin messe på Sjølyst.
2001- 2002: Etablering av Nesodden Danseverkstad i Nesodden Kommune
2002: Etablering av Danseverkstad i Sarpsborg kommune
2002: Etablering av danseverkstad i Sør Fron, et samarbeidsprosjekt med Oppland Fylkeskommune.
2002: ” The Day We All Met ” Et samarbeidsprosjekt mellom ” Dans uten grenser ”, ” Panta Rei Danseteater ”, Vestby kommune, Norsk Kulturråd og Østfold Fylkeskommune. Turne til Litauen med ungdom frå Brevik danseverkstad og Rygge danseverkstad i Vestby og Rygge kommune. Turne til barneheimar i Litauen, samt deltaking på den internasjonale dansefestivalen i Klaipeda i Litauen
2003: Etablering av danseverkstader i Gausdal kommune og Lillehammer kommune
2003: Dansecamp i Vestby kommune for ungdommar med utgangspunkt i danseverkstadsmodellen.
2003: Rehabilitering av ” Skrivarløa ”, aktivitetshuset i Førde Kommune. Tilrettelegging av ny drift, ny organisering og nytt aktivitetsinnhald, samt total andletsløft på hele huset.
2003: Etablering av danseverkstad i Førde kommune
2004: Sette i gong Latviaprosjektet ” Colours of Care ”. Barneheimsturne 19. Juli – 8. August. Eit samarbeid mellom Dans uten grenser, Førde kommune og Høyanger kommune. Koreografar var Ove Henning Solheim og Bård Eirik Bergflødt.
2004: Sette i gong utvekslingsprosjektet ”Town of ”Transformation”. Ei utveksling mellom Italia, Norge og Latvia, med ”non verbal communication” som tema, med verkemiddel som dans og drama for ungdom. Prosjektet tilrettelagt for ungdom med handikap. Koreograf var Ove Henning Solheim
2004: Ove Henning får ” Kulturprisen ” frå Førde kommune, for nybrottsarbeid for barn og unge i kommunen.
2004 - 2005 – Etablering av Danseverkstad i Cesena – Italia. Første etablering i Italia av danseverkstadsmodellen og ung – til – ung formidling.
2004 – 2005: Danseframsyning ” Lucifer was also an angel”. Jubileumsframsyning for Cesena kommune på festninga Rocca Malatestiana. Framsyninga turnerte i Italia fra 4.juli – 26. Juli i 2005. Turneen var innom byane Cesenatico, Cesena, Modigliana, Montiano, Villa Silvia, Terra Del Sole, Ravenna, Forli, Castro Caro, Bologna, Bertinoro, Cusercoli, Riccione. Koreografar var Ove Henning Solheim og Bård Erik Bergflødt
2004-2005: Etablering av danseverkstad i Sande kommune
2005: Barneheimsturne med framsyninga ” Vision of care ”i Latvia med dansarar frå Gausdal kommune. Koreografar var Ove Henning Solheim og Bård Eirik Bergflødt
2005: Etablering av danseverkstad i Sel kommune
2006: Etablering av danseverkstader i Høyanger kommune, Balestrand kommune, Leikanger kommune, Sogndal kommune og Luster kommune. Prosjektet vart gjennomført i samarbeid med Sogn og Fjordane Fylkeskommune og Folkehelsa ”Vardar”. Prosjektet er eit ledd i satsinga til folkehelsa i fylket
2006: Barneheimsturne med Brevik danseverkstad i Latvia og Litauen. Framsyninga ”Twelv moons in one night”turnerte barneheimar i Latvia og Litauen sommaren 2006. Prosjektet var eit samarbeid mellom Dans uten grenser, Breivik danseverkstad og Vestby kommune. Koreografar var Ove Henning Solheim og Bård Eirik Bergflødt.
2006: Renovasjonsprosjekt i Latvia. Førde danseverkstad og Gausdal danseverkstad renoverte Likumi, ein barneheim i Jaukapilsregionen i Latvia for 250 000 kroner.
2006: Arrangerte dansecamp i Sogndal kommune for 150 ungdomar, instruktørar og dansarar. Dansecamp i Askim kommune for 210 deltakarar frå etablerte danseverkstader på Austlandet
2007: Barneheimsturne til Latvia. Sande danseverkstad, med hovudgruppa ” Impuls”, turnerte barneheimar i Latvia i vinterferien 2007. Turneen var eit samarbeid mellom Dans uten grenser, Sande kommune og Sande danseverkstad. Koreograf var Bård Eirik Bergflødt
2007: Danseverkstadsetableringar i Askvoll kommune, Dale kommune, Hyllestad kommune, Florø kommune og Naustdal Kommune. Etableringane var eit samarbeid mellom kommunane, Sogn og Fjordane Fylkeskommune ved folkehelsa ” Vardar ”.
2007: Turne i Italia med Brevik Danseverkstad og hovudgruppa ” Inferno ”.