Solidaritetsprosjekt

Humanitært arbeid
I 2001 tok ungdomane i Breivik danseverkstad initiativ til å bruke seg sjølv også i humanitært arbeid. Dansarane turnerte med eit program til barneheimar i Litauen. Dansarane ville bruke seg sjølv for å spreie glede og håp, vidareformidle eigen dansedugleik og kompetanse, formidle dansekunsten slik dei opplevde den og dei ville vere gode ambassadørar for verdiar i dansen til ei gruppe born og unge som ikkje hadde tilgang på slike tilbod.

Breivik først ute
Etter at Breivik danseverkstad sette i gong den første turneen, har Dans uten grenser vore på fleire slike solidaritetsturnear til barneheimar i Litauen og Latvia. Behovet for kulturopplevingar og sosialisering er enormt for borna på heimane. Gjennom danseverkstadane kan dei norske ungdomane ikkje berre lære vekk det dei kan om dans til andre norske ungdomar, men også reise på tur til born som ikkje har det same utgangspunktet som dei sjølve.

Danseturne i Latvia

Dans som bindeledd
Behovet for å knyte mellommenneskelege band og dele av noko ekte og personleg er viktig for ungdomane. Dei som reiser på solidaritetsturné kjenner at dei får legge att noko av seg sjølv, og skape ein kontakt som dei held lenge etter heimreisa. Dansen er bindeleddet som gjer det mogleg for dei unge å oppleve andre kulturar og auke forståinga av andre sin livssituasjon.
Solidaritetsturneane er eit samarbeid mellom danseverkstaden som reiser og DUG.

To typar prosjekt
DUG har to typar solidaritetsprosjekt. Det eine prosjektet er eit workshop-prosjekt der dei norske ungdomane set i gong ulike klasser. Målet er at klassene skal vere levedyktige også etter at ungdomane er reist heim til Norge. Gjennom eit slikt prosjekt set ungdomane spor etter seg gjennom fleire år. Det andre prosjektet er eit renovasjonsprosjekt der barneheimen som vert besøkt blir pussa opp. Dei fleste heimane har grei nok standard, men manglar alt som gjer huset til ein heim. Fargar, bilete, tepper, leiker, spel og pynt er totalt fråverande. Danseverkstadane har eigne budsjett for slike prosjekt. Resultatet er barneheimar som er prega av fargar og livsglede.

Europeisk fellesskap

Nettverksbygging
Dans som ”non verbal” kommunikasjon i framandkulturelle samanhengar gjev born og unge opplevingar og minner for livet. Nettverksbygging mellom ungdomsmiljø aukar toleransen mellom ulike grupper unge menneske. Møte mellom kulturar gjev nye tankar og uttrykk som kan utviklast vidare, og føre til fleire arenaer der ungdom kan bygge vidare på erfaringane sine gjennom det Europeiske fellesskapet.
Den Europeiske utvekslinga spenner over fleire prosjekt, og har ført fleire danseverkstader på turne til blant anna Italia.

Nye vegar
Utvekslinga har teke Dans uten grenser til den internasjonale dansefestivalen i Klaipeda i Litauen, og til eit samarbeid på tvers av landegrenser mellom Italia, Litauen og Norge kalla ” Town of Transformation ”
I 2005 etablerte DUG den første danseverkstaden i Cesna i Italia etter den norske modellen med ung – til – ung formidling.