Vi feirar 20 år i Sogn og Fjordane.

Dans Uten Grenser fyller 20 år og feirar dette med ein fylkesturné hausten 2025. Jubileumsforestillinga som vi har kalla “Dansedraumen” er vår mest ambisiøse framsyning til no. Vi samlar alle våre dansarar frå Vestland til en eksplosjon av energi, glitter og glam.

Vi tar deg med på ei musikalsk og koreografisk reise fra år 2000 og fram til i dag. Gjennom dei siste 20 åra har vi brakt dansens kraft og glede til utallige hjarte og no inviterer vi deg til å bli med på ei uforgløymeleg feiring. “Dansedraum” er vår mest ambisiøse framsyning til no, der vi samlar dansarar frå heile Vestland for å skape ein eksplosjon av energi, glitter og glam. Vi tar deg med på ei musikalsk og koreografisk tidsreise som vil få alle til å reise seg opp og danse.

Musikalsk Repertoar:
Vi hyllar dei to siste tiåra med dei største hitane på 2000 tallet og fram til i dag.

Koreografi:
Vårt talentfulle danseteam skapar fengande og energiske koreografiar som fangar essensen av kvar epoke og garanterer at du ikkje klarer å sitje stille.

Glitter og Glam:
Forvent ein visuell fest med glitrande kostymer og spektakulære effektar som vil gjere kvelden magisk. Dette er ei framsyning du ikkje vil gå glipp av. Enten du er ein trufast tilhengar av Dans Uten Grenser eller oppdagar oss for første gong. Vi lover deg ei oppleving for livet.

Turnédatoar og billettar:
Førestillinga vil bli spelt rundt på scener i Vestland frå oktober til november 2025. Følg med på vår heimeside og i sosiale media for oppdateringar om tid og stad, samt informasjon om billettar. Sørg for å sikre deg plass til denne feiringa av dans, musikk og fellesskap.

Velkomen til “Dansedraum”

Med danseglede,
Dans Uten Grenser

Forrige
Forrige

Dans Uten Grenser i sosiale media

Neste
Neste

Ei reise gjennom verden og i media