Kultur gjev helse

Bakgrunnen for danseverkstad-modellen

Danseverkstad-modellen blei utvikla gjennom prosjektet «Kultur gjev helse», initiert av Helse- og sosialdepartementet og Norsk kulturråd mellom 1997 og 1999 i Rygge kommune.

Prosjektet fokuserte på ung-til-ung formidling, fleirkulturelt fellesskap og bevisstgjering av ungdom opp mot eigne val, eigen deltaking og at deira meiningar tel. Dans Uten Grenser har sidan etablert fleire danseverkstadar i Noreg der vi tilbyr positive aktivitetar for barn og unge, spesielt for dei som har vore inaktive.

Målet var å styrke psykisk helse, fremje fysisk aktivitet og sunne livsstilar, samt førebyggje kriminalitet og rusmisbruk. Danseverkstadane var opne for alle, uavhengig av kjønn, etnisitet eller økonomisk bakgrunn. Ungdomane som deltok kvalifiserte seg gjennom modellen til å drive med dans og undervisning basert på metoden "ung-til-ung".

I 2006 initierte Sogn og Fjordane fylkeskommune ved folkehelse programmet der dei gav eit tilbod til alle kommunar i Sogn og Fjordane om danseverkstadmodellen, der kommunane måtte delta med ein mindre eigenandel. Kommunane måtte forankre prosjektet og bidra med ressursar til rekruttering, der Dans Uten Grenser var inne og kvalifiserte alle ungdomane som ville bli instruktørar. Dei fekk opplæring innan dans, koreografi og drift av danseverkstaden.

Forebyggende arena

Satsinga på danseverkstadar er svært viktig frå eit folkehelseperspektiv. Dans er fysisk krevjande, førebyggjande, og gjev opplevelsar av meistring, identitet og sosiale nettverk. Modellen er låg terskel økonomisk og sosialt, og når derfor barn og unge frå ulike sosiale lag og nasjonalitetar.

Psykisk helse har vore ei satsing i folkehelsearbeidet i Sogn og Fjordane, og er òg prioritert nasjonalt. Fokus på psykisk helse inkluderer å skape gode miljø og arenaer som fremjar meistring, tilhøyring og utvikling. Gode oppvekstvilkår er avgjerande for livskvalitet og helse seinare i livet. Meningsfulle fritidsaktivitetar er viktige for barn og unge.

God psykisk helse vert styrka gjennom eit samfunn som legg til rette for identitet, meining, meistring, tilhøyring, tryggleik, deltaking, fellesskap og sosial støtte.

DUG rapport

Rapport om danseverkstadene gjennom 10 år i Sogn og Fjordane, med vekt på ungdomane og kommunane sine erfaringer

Rapporten er utarbeidd av Emma Bjørnsen i samarbeid med Ove Henning Solheim.