Colours of Care

Gjennom vårt solidaritetsprosjekt “Colours of Care” blir danseverkstadane brubyggjarar mellom barn og unge på tvers av sosial- og kulturell bakgrunn.

Vi er ambassadørar for verdiar i dansen til barn og unge som ikkje har tilgang på eit slikt tilbod der dei bur. Motivasjonen frå ungdomane er sterk i forhold til å knytte mellommenneskelige band, oppleve og lære av andre land og kulturar, og auke forståelse av andre sine livssituasjonar.

Ungdom som reiser ut kjenner at dei får bruke seg sjølv ved å spre håp og glede. Dei skapar ein kontakt som kan opprettholdast etter at dei kjem heim. Ungdomane lærer barna på barneheimane i Latvia og Litauen å danse. Mange barneheimar er blitt svært aktive med dans etter at vi begynte å reise dit. Ungdomane har òg samla inn pengar som dei har brukt til å gjere mindre oppussingsarbeid på barneheimane dei reiser til. Prosjekta har i tillegg vore lærerike, gjeve instruktørane ein ny dimensjon til arbeidet dei gjer, og skapt ettertanke og nye perspektiv.

Solidaritetsprosjekt:

  • Barneheim i Litauen og Latvia
    Dans, workshops samt bistått både praktisk og finansielt i renovering til fleire av barneheimane.

  • Vennskapsby i Malawi i Nkotakota
    Dans og workshops

“Turen gav meg eit heilt anna perspektiv på livet og at ikkje alle har det slik som eg. Turen samla oss mykje meir saman som gruppe”

DELTAKAR PÅ COLOURS OF CARE