Magiske augneblikk

Førestillingar

Når ungdomane inntek scena skapast magiske augneblikk. I hjartet av vårt arbeid ligg ein brennande lidenskap for å skape førestillingar som engasjerer og rører ved sjela. Gjennom dans utforskar vi eit kraftfullt uttrykk for sjølvutvikling og sjølvkjensle, der kvar bevegelse formidlar ein historie og vekker sterke kjensler hos publikum.

I våre spanande produksjonar/førestillingar som "fylkesturné" samlar vi grupper med 80 til 120 ungdomar. Her får ungdomane muligheit til å samarbeide, eksperimentere med ulike uttrykk, og byggje verdifulle vennskap på tvers av kommune- og regions-grenser. Dette fellesskapet fremmer kreativitet og styrkar banda mellom dei som deltek, og gjev ein unik plattform for å skine.

Saman med talentfulle koreografar set vi kvalitet i høgsetet. Koreografane er ikkje berre profesjonelle; dei er òg ein kilde til glede og meistring for dei som deltek. Kvart prosjektbidrag skapar ein sprudlande atmosfære der ungdomane kan blomstre!

Vi har allerie brakt våre mindre, men kraftfulle førestillingar til Latvia, Litauen og Italia gjennom ulike turnéprosjekt. Solidaritetsprosjekta i Baltikum åpnar ungdomane sine auger for verden når vi besøker barneheim og institusjonar. Her blir ord overflødige, for dansen talar for dei som treng det som mest.
I Italia får ungdomane sjansen til å stå på storslåtte scener - frå fjelltoppar til den krystallklare kystlinja, og dele sitt bodskap med verden.

Gjennom våre prosjekt engasjerer vi ungdomen i viktige samfunnsspørsmål samtidig som vi gjev dei muligheita til å utvikle sine kunstneriske evner. Det som gjer Dans Uten Grenser unikt er måten vi berører publikum på – med ein kunstnerisk og estetisk tilnærming som knytter sterke band mellom kjensler og samfunnsaktuelle temaer. Vi presenterer ein verden der kunstnerisk utvikling og sosialt engasjement går “hand i hand”, for å inspirere "mannen i gata" til å sjå den fantastiske krafta i det vi gjer.

Bli med oss på ei reise der vi skapar uforgløymelege minner og opplevingar!