Anniken Gjørøy

INSTRUKTØR I SOSIALE MEDIER, DANS UTEN GRENSER

Anniken byrja som ung-instruktør i Dans Uten Grenser Askvoll i 2011. Ho har jobba aktivt med sosiale medier i 13 år, og jobbar i dag som innhaldsprodusent og og fotograf. Ho har ei interesse for reiseliv og opplevingar, og er opptatt av å skape innhald som er godt, engasjerer og motiverer mottakeren.

Ho jobbar òg som influencer, og med omlag 40 000 følgjarar på kryss av plattformar når ho eit bredt publikum. Ho har eit brennande engasjement og lidenskap for psykisk helse, og var ein av føredragshaldarane under føredraget “UTAN FILTER - av unge for unge” i Førdehuset, oktober 2024.

Anniken er innhaldsansvarleg for prosjekt “SoMe”, kor ho vil lære bort viktigheta av publisering av innhald på nett, retningslinjer, og korleis skape godt innhald. Ho jobbar godt saman med andre, og gler seg til å setje i gong prosjektet - og til å møte ungdommen i DUG!