Dag Rune Sjøli

KOREOGRAF, DANS UTEN GRENSER

Dag Rune byrja som ung-instruktør i Dans Uten Grenser Luster i 2006. Han har sidan jobba tett i organisasjonen og bidratt til å skape koreografiar til prosjekt som fylkesturné, solidaritetsprosjekt i Latvia og Litauen, turnéprosjekt i Italia, og mykje meir. Han har utdannelse frå Norges dansehøyskole, og ein bachelor i jazzdans frå Kunsthøyskolen i Oslo (KHiO). Han er nyleg utdanna dansepedagog frå PPU-studiet ved KHiO, og har tatt eit steg djupare inn i lærerrolla. Han er for tida ansatt ved Nydalen Vidaregåande skule, og jobbar i tillegg som dansepedagog ved Schous Kulturstasjon samt i talentprogrammet DanseFot.

Dag Rune har som utøvande dansekunstnar gjort ein rekke mindre og større prosjekt. Han har gjort tre produksjonar med Oslo Danse Ensemble i tillegg til ein Riksteater turné med kompaniet våren 2016. Han har vært engasjert i ein mengde oppdrag for bla. Skal Vi Danse, Stjernekamp, Idol, Norske Talenter, The Voice, Melodi Grad Prix med meir. Han har jobba med film, reklame og musikkvideoer til dømes for Grilstad, Vitae-pro, Ylvis og Netflix grøsseren «Vikingulven». 

Hausten 2016 var han medskapende i sin første helaften for Jo Strømgren Kompani med forestillingen «The Virus», som premierte ved DNO&B. Han har sidan vært ein del av kompaniet. Dag Rune var i sin seinaste helaften med forestillingen «Glemt» av den Nord-norske koreografen Simone Grøtte. Dag Rune har òg vært medlem av hip hop gruppen Cre8 siden 2015. Han var sist og sjå på scene i Marispelet ved Rjukanfossen i sommer, dette var hans femte år. Han var òg ein av dansarane i bryllupet til Märtha og Durek i Hardanger, august 2024.

Dag Rune ynskjer å kunne dele av sine erfaringar til eit møtande felleskap og eit inkluderande læringsmiljø. Han tek utgangspunkt i at alle kan oppleve meistring og at dansen kan være ein portal inn i nye opplevingar, oppdagingar og erfaringar av potenisalet som ligg i oss alle. Dansen er for alle, og det er viktig å ha det moro. Han gler seg til nye prosjekt, og spanande møter i, med og gjennom Dans Uten Grenser.

Foto: Antero Hein