Elisabeth Bustos

DAGLEG LEIAR OG KOREOGRAF, DANS UTEN GRENSER

Elisabeth byrja som ung instruktør i Dans Uten Grenser Fjaler i 2005. Sidan 2010 har Elisabeth vore aktiv som koreograf for Dans Uten Grenser, og ho har koreografert for fylkes- og jubileumsturnéar, samt solidaritetsprosjekt i Latvia, Litauen og Italia. Ho er ansvarleg for kvalifisering av nye instruktørar, og har òg ansvaret for musikk og innstudering.

Ho har ein fireårig fagskuleutdanning i dans frå Bårdar Akademiet i Bergen og Oslo. Elisabeth har mellom anna vore bakgrunnsdanser i juleshowet "Swinging Christmas" saman med Atle Pettersen, Lisa Stokke og Nora Jabri. Ho har også samarbeidd med kunstnaren Martin Creed under ein kunstutstilling i Oslo, og jobbar i dag som trylleassistent for illusjonist Erling Solland. Saman har dei jobba på cruiseskipet Stena Saga og trylla under "Harry Potter-fest" i Oslo Konserthus, i samarbeid med Oslo Filharmonien og skodespelar Kim Haugen. Ho har jobba sesongbasert med "Juleshow" med aktørar som Øivind Blunck, Reidun Sæther, Nils Vogt, Trond Nagell-Dahl og Tor Endresen.

Elisabeth legg stor vekt på struktur og disiplin i undervisninga, men ho forstår òg viktigheita av å gje deltakarane rom til å prøve og feile. Ho har ein genuin kjærleik for DUG og det ungdomane gir av seg sjølv, og ho ser på kvart enkelt deltakar som ein viktig del av fellesskapet. Elisabeth er oppteken av å skape ein atmosfære kor danseglede står i sentrum, og ho jobbar hardt for å ivareta eit miljø der alle føler seg sette, høyrde og verdsette. Ho respekterer ungdomane for tida og innsatsen dei investerer i DUG, og ho oppfordrar dei til å vere stolte av sitt arbeid og den utviklinga dei oppnår.

Fellesskap i dansen er essensielt for Elisabeth, og som koreograf fokuserer ho på energi, presisjon og forlenging av rørsler i dei stykkja som vert produserte. Kvar dansehelg skal ikkje berre vere prega av læring, men òg av glede, latter og samhald. Elisabeth meinar at dans ikkje berre er ein teknisk ferdigheit, men ein form for uttrykk som er knytt til sterke relasjonar og positive opplevingar.

Foto: Julio Mauricio Salas Foss