Marius Pellegrino

INSTRUKTØR I FORMIDLING OG UTTRYKK, DANS UTEN GRENSER

Marius starta som ung-instruktør i Dans Uten Grenser Leikanger i 2014. Han har vore med som dansar i fylkesturnéane "Jubileumsforestilling 2016" og "ReStart 2022», begge framsyningane vart visst fram i Italia under dansecampane i 2017 og 2023. Han var òg med som dansar i prosjektet "Colours of Care" med dansegruppa Penari, DUG Førde i 2017.

I dag studerer Marius drama og teaterkommunikasjon på OsloMet. Han er opptatt av å lære så mykje som mulig, og er genuint interessert i møte med andre mennesker. Han meiner Dans Uten Grenser har lært han å være eit godt førebilete, ein god leder, og har lært han mykje om gode verdiar og det å bli utfordra til å tørre og feile. Dette tek han med seg i undervisning av andre.