Mikael Rønne

KOREOGRAF, DANS UTEN GRENSER

Mikael er opprinneleg frå Tromsø, men er no busett i Trondheim. Då han voks opp, var han ivrig på kulturfronten med både teater, nysirkus og akrobatikk som utøvar og instruktør.

Han byrja å danse då han var 18 år, og blei med på realityserien Dansefeber (So You Think You Can Dance) på TV Norge, og blei bitt av dansebasillen. Nokre år seinare blei han tatt inn ved jazzlinja på Kunsthøgskolen i Oslo (tidlegare Statens Balletthøgskole), der han uteksaminerte i 2012 som profesjonell dansekunstnar.

Sidan har han jobba som danser, koreograf og pedagog. Han har blant anna gjort sju produksjonar med Oslo Danse Ensemble, derav to Riksteateturnéar og tre skulesekkenturnéar, vore i land som Colombia, Nederland, Jordan, Polen, Palestina og Belgia med Jo Strømgren Kompani, gjort tre ulike barneframsyningar med Inger Cecilie Bertran de Lis, vore koreograf, veileder og danser i to sesongar av Skal Vi Danse på TV2, gjort utandørs spel i Sarpsborg, og mykje meir innanfor film, TV, reklame og samtidskunsten. I 2016 budde han fire månader i New York og gjorde eit utviklingsprogram ved Broadway Dance Center. Han har også gjort eigne koreografiprosjekt som har vore støtta av Kulturrådet, Fond for Utøvende Kunstnere, Oslo Kommune og dans/5. Han sit også i styret til Norske Dansekunstnere, PRODA og NyDans Oslo.

Mikael gjorde sin fyrste koreografihelg med Dans Uten Grenser i 2012 med gruppa In Motion i Luster, og har sidan jobba med grupper i Sogndal, Leikanger, Førde og Florø. Mikael var også ein av instruktørane på Dance Camp Italia sommaren 2017, og koreograferte for fylkesturnéen “ReStart 2022”.

Foto: Kristoffer Hunstad