Ung-til-ung formidling
Danseverkstad-modellen byggjer på ung-til-ung-formidling som metodikk, kor ungdom blir opplært til å undervise andre born og unge i dans.
Danseverkstaden er eit positivt fritidstilbod som gjer mange unge trua på seg sjølv. Ungdomane tar ansvar for elevar og drifta, og har blitt einige om mottoet “Ein plass for alle”, som inviterer alle til å delta. Dette gjer danseverkstaden til eit sosialt likestillande tiltak for barn og ungdom.
Ungdom fungerer som rolle-modellar, og dette vert vektlagt i opplæringa. I tillegg til å instruere elevar driftar dei verkstaden på frivillig basis og får verdifull kompetanse innan dans og drift av fritidstilbod. Inntekta til verkstadane går uavkorta tilbake til ungdomane i form av vidare kvalifisering, prosjekt og opplevelsar.
Aktiviteten i danseverkstaden tiltrekker seg ofte ungdom som ikkje deltek i andre organiserte aktivitetar.
Måtar å forankre danseverkstaden på:
I kommunar: Samarbeid med lokale myndigheiter for å utvikle danseverkstaden som ein integrert del av kommunens kulturtilbod. Dette kan være kulturskular, fritidsklubbar, folkehelsearbeidarar, miljøarbeidarar osv.
I foreldrestyre og ungdomsstyre: Etablering av eit styre beståande av både foreldre og ungdomar som representerer interessene til deltakarane. Dette styret kan være med på å planlegge årshjul og alle aktivitetar, gje innspel til programmet og sikre at verkstaden er tilpassa ungdommens behov og ein sikker plass å være.
I lag og organisasjonar: Samarbeide med lokale kultur- og idrettslag samt organisasjonar som fremjar ungdomsarbeid. Desse samarbeida kan bidra til resurs - deling på/under felles arrangement.
Modellens mål
Lågterskel tilbod, økonomisk og sosialt
La ungdom få ansvar og bli ressursar i lokalsamfunnet
Være en “Safe Zone” for born og ungdom
La ungdom bli sett og høyrt
“Mental utdanning”
Tilføre ungdomen kompetanse på eigen fritidsarena
Gje ungdom reel innflytelse og la dei være aktive deltakarar i beslutningar som gjeld eigen kvardag.
Skape nye arenaer og plattformar
Sette meistringsevne i fokus og utfordre kreativiteten
Nettverksbygging mellom kommunar og fylkesgrenser
Oppmuntre til refleksjon og bevisstgjering rundt egne valg og verdier
Integrering av fremmedkulturelle
Fokusere på ungdom som en ressurs
Være eit forebyggande tiltak/redskap i kvardagen
Remonterande verkstadar
Være eit forebyggande tiltak innan psykisk og fysisk helse
Etablere danseverkstad – ein modell i fem faser
-
Strategi og oppstart
Møte med kommunen
Kva krevast?
Økonomi
Elevbetaling og pengar på fond
Møte med ungdomar som vil kvalifisere seg
Årshjul for kvalifisering
Prøvedans (Audition)
Formalisering av kontrakter med deltakende ungdommer
Kommunestyrets vedtak på satsninga
Kvar forankre verkstaden?
Kulturskule/fritidsklubb, folkehelse koordinator, frivillighetssentral
-
Kvalifisering av ungdom
Oppstartsamtaler med ungdom og foreldre
Lokale til undervisning
Oppstart kvalifisering innen ulike dansesjangre
Samtalar etter kvar endt samling
-
Koreografi og instruksjon
Korleis jobbe med koreografi og utvikle koreografi
Musikkvalg og musikk-miksing
Instruktør-rolla
Anatomi, stretch, oppvarmingsprogram og skadeforebygging
Sikkerhet og direktiv for undervisning
-
Haldningsspørsmål og klargjering for åpning av den lokale danseverkstaden
Kven er eg? Korleis vil eg at andre skal sjå meg?
Ungdom, ikkje engler
Kva betyr det være eit forbilde?
Kva ansvar har du som forbilde m.m.
Lokaliteter til elevundervisning, skular, klasserom, gymsalar, fritidsklubbar, osv.
Forskjellige typar prosjekt
-
Oppsummering og evaluering
Kva no?
Framdrifta
Opplæring av ansvarlig leiar og voksenkontakt frå kommunen
Problemhandtering innad i verkstaden
Dette er kortversjonen av danseverkstadens opplæring. Totalprogrammet inneheld fleire omfattande element.