Panelsamtale

Danseførestillingar med temabaserte panelsamtalar

I dagens samfunn står ungdommen ovanfor fleire utfordringar som påverkar deira kvardag og framtid. Mange kjem i kontakt med tema som framandfrykt, vald, ran og sosial urettferd. Kommunikasjon og dei gode samtalar blir meir og meir utfordra gjennom bruken av skjermtid. Etter ein måling gjort av NRK Sørland, viser det til at ungdom brukar gjennomsnittelige 6 timar per dag framfor skjerm. Telefon, nettbrett, data og tv.

For å møte desse problema skapar vi danseførestillingar som tek opp desse temaene på ein engasjerande og medvitande måte. Gjennom dansen vil vi utforske emner som solidaritet, vennskap og kor viktig det er å være tilstades for kvarandre.

Vi lagar færestilingar som set spørsmålsteikn rundt utfordringar ungdom står ovanfor. Vi utfordrar gjennom forestillingar og workshops samt paneldebattar. Vi ynskjer å skape holdninaer og få ungdom til å reflektere over at ein faktisk har valg, og at stemma deira betyr noko i denne debatten.

Alle førestillinger kan bestilles med workshops, casework og videomateriale.

Ove Henning Solheim
Gründer, Dans Uten Grenser

    • Solidaritet: å stå saman, støtte kvarandre og skape ein følelse av fellesskap.

    • Omsorg: å ta vare på kvarandre, lytte til kvarandre og vise empati i møte med andre sine utfordringar

    • Samhald: å vere saman og støtte kvarandre i gode og vonde tider. Det innebærer å jobbe mot felles mål kor alle vert respektert og verdsett. Samhald byggjer sterke relasjonar som gjer oss i stand til å møte utfordringar og feire suksessar saman. Det skapar tryggleik og tilhøyrsle i fellesskapet.

    Ove Henning Solheim, held debatt for ungdom og foreldre om ungdomens rolle i samfunnet kor solidaritet omsorg og samhald, er nøkkelen til ei bedre framtid.

    Ove Henning har sidan 2000 reist på turné-ar med ung-inztruktørar kvalifisert gjennom danseverkstad-modellen til land i Baltikum og til Malawi i Afrika. Der har dei dansa og hatt Workshops for barneheimsbarn i alle aldre og bidratt til å skape glede, forståelse og fellesskap gjennom dansen.

    Desse erfaringane har gjeve ein moglegheit til å dele sin lidenskap for dans og styrke banda mellom kulturar, og gjeve borna eit kreativt og positivt rom. Ove Henning sin innsats og dedikasjon har hatt en varig innverknad på deltakarane, og hans bodskap om solidaritet, omsorg og samhald har inspirert mange.

    Gjennom dans, kunst og samarbeid kan vi styrke ungdomsstemmer og gje dei plattformen dei treng for å inspirere andre.

    La dei få utfolde seg, la dei vise vei, og la dei være ambassadørar for ei betre og meir inkluderande framtid.

Elisabeth Bustos
Dagleg leiar, Dans Uten Grenser

  • Med 15 års erfaring som danseinstruktør og 20 år i Dans Uten Grenser sit Elisabeth med djup kompetanse om arbeidet med ungdom. Ho kjenner DUG "inn og ut", frå start til slik det er blitt i dag.

    Som deltakar i panelsamtale tilfører ho interessante spørsmål og innfallsvinkler.

    - Kvifor kan ungdom være meir inneslutta no enn før?
    - Kva spørsmål kan være lurt å stille i samtale med ungdom?
    - Etter erfaring, kva er det ungdom treng for å bli høyrt?

    Som koreograf er Elisabeth tilpasningsdyktig og skaper stykker ut i fra kva kunden ynskjer. Ho lytter og kjem med innspel og erfaringar der det trengs.