Kultur gjev helse

Bakgrunnen for danseverkstad-modellen

Danseverkstad-modellen vart utvikla gjennom prosjektet «Kultur gjev helse», initiert av Helse- og sosialdepartementet og Norsk kulturråd mellom 1997 og 1999 i Rygge kommune.

Prosjektet fokuserte på ung-til-ung formidling, fleirkulturelt fellesskap og bevisstgjering av ungdom opp mot eigne val, eigen deltaking og at deira meiningar tel. Dans Uten Grenser har sidan etablert fleire danseverkstadar i Noreg kor vi tilbyr positive aktivitetar for born og unge, spesielt for dei som har vore “inaktive”.

Målet var å styrke psykisk helse, fremje fysisk aktivitet og sunne livsstilar, samt førebyggje kriminalitet og rusmisbruk. Danseverkstadane var og er opne for alle, uavhengig av kjønn, etnisitet eller økonomisk bakgrunn. Ungdomane som deltok kvalifiserte seg gjennom modellen til å drive med dans og undervisning basert på metoden "ung-til-ung".

I 2006 initierte Sogn og Fjordane fylkeskommune ved folkehelse-programmet same prosjekt, kor ein gav eit tilbod til alle kommunar i Sogn og Fjordane om danseverkstadmodellen. Alle kommunane måtte delta med ein mindre eigenandel og måtte forankre prosjektet, samt bidra med ressursar til rekruttering. Dans Uten Grenser var inne og kvalifiserte alle ungdomane som ville bli ung-instruktørar, dei fekk opplæring innan dans, koreografi og drift av danseverkstaden.

Forebyggjande arena

Satsinga på danseverkstadar er svært viktig frå eit folkehelse-perspektiv. Dans er fysisk krevjande, førebyggjande, og gjev opplevelsar av meistring, identitet og sosiale nettverk. Modellen er låg-terskel økonomisk og sosialt, og når derfor born og unge frå ulike sosiale lag og nasjonalitetar.

Psykisk helse har vore ei satsing i folkehelsearbeidet i Sogn og Fjordane, og er òg prioritert nasjonalt. Fokus på psykisk helse inkluderer å skape gode miljø og arenaer som fremjar meistring, tilhøyring og utvikling. Gode oppvekstvilkår er avgjerande for livskvalitet og helse seinare i livet. Meningsfulle fritidsaktivitetar er viktige for born og unge.

God psykisk helse vert styrka gjennom eit samfunn som legg til rette for identitet, meining, meistring, tilhøyring, tryggleik, deltaking, fellesskap og sosial støtte.

DUG rapport

Rapport om danseverkstadene gjennom 10 år i Sogn og Fjordane, med vekt på ungdomane og kommunane sine erfaringer

Rapporten er utarbeidd av Emma Bjørnsen i samarbeid med Ove Henning Solheim.