Dans Uten Grenser
Eit alternativ til tradisjonelle aktivitetar
Dans Uten Grenser tilbyr kreative moglegheiter for ungdom utanfor tradisjonell idrett. Vi ynskjer å skape ein arena kor ungdom kjenner seg sett og høyrde, og kan være med å påverke sin eigen aktivitet.
Ungdom blir kvalifisert gjennom programmet “danseverkstad”-modellen til å undervise yngre i sine eigne lokalsamfunn og drive danseverkstaden sin med støtte frå vaksne. «Uten Grenser» symboliserer at det ikkje er krav til ferdigheiter, økonomi eller sosial status for å delta. Vi trur at ansvar og tillit kan mobilisere skjulte ressursar hjå dei og skape tilhøyring og meistring.
“Barn og ungdom forstår best kva som er viktig for dei. Vi har utarbeida danseverkstad-modellen med dette i tankane. Ungdom får større påverknad på innhaldet og ansvaret for gjennomføring. Medvirkning er ei forutsetning for å lykkas.”
OVE HENNING SOLHEIM
Ung til ung metodikk
«Ung til ung»-metodikk inneber at ungdom som er kvalifiserte gjennom danseverkstad-modellen underviser andre born og unge i lokalsamfunna sine, noko som gjev stor effekt.
Vi trur at ungdom engasjerer seg meir når røysta deira blir høyrd. Ved å involvere dei oppnår ein erfaring og meistring som er nyttig for framtida samt forståelse av behovet for frivillig innsats i lokalsamfunnet.
Medverknaden vert organisert både formelt og uformelt, noko som styrkjer identiteten til ungdomen og forbindelsar på tvers av generasjonar. Vi ynskjer å endre oppfatninga av ungdommens engasjement for si framtid, og meinar at aktiv deltaking er essensielt for å lukkast med eit godt ungdomsarbeid.
Ungdommane i DUG blir verken utdanna eller fag-pedagogar gjennom vårt program. Dei blir kvalifiserte innanfor “ung-til-ung”-formidling i å undervise i dans for born og unge.
Programmet vart utvikla i 1997 av Ove Henning Solheim og blir stadig oppdatert og utvikla gjennom nærare 30 års drift. I opplæringa legg vi ikkje vekt på teknikk, men har likevel stort fokus på skade-førebyggjande arbeid. Vi er opptatt av danse-gleda og nettverket, samt plattformen ungdom er med i.
Ung-instruktørane jobbar frivillig og alle midlar går direkte til ungdomen som styrer/instruerer i danseverkstadane. Midlane brukast i samråd mellom ungdomen og vaksen-leiar frå kommunen til eks. workshop med profesjonelle koreografer og instruktører. Solidaritet/ barneheim prosjekt til Latvia og Litauen samt danseturnéar til Italia.