Ung-til-ung formidling

Danseverkstad-modellen byggjer på ung-til-ung-formidling som metodikk, kor ungdom blir opplært til å undervise andre born og unge i dans.

Danseverkstaden er eit positivt fritidstilbod som gjer mange unge trua på seg sjølv. Ungdomane tar ansvar for elevar og drifta, og har blitt einige om mottoet “Ein plass for alle”, som inviterer alle til å delta. Dette gjer danseverkstaden til eit sosialt likestillande tiltak for barn og ungdom.

Ungdom fungerer som rolle-modellar, og dette vert vektlagt i opplæringa. I tillegg til å instruere elevar driftar dei verkstaden på frivillig basis og får verdifull kompetanse innan dans og drift av fritidstilbod. Inntekta til verkstadane går uavkorta tilbake til ungdomane i form av vidare kvalifisering, prosjekt og opplevelsar.
Aktiviteten i danseverkstaden tiltrekker seg ofte ungdom som ikkje deltek i andre organiserte aktivitetar.

Måtar å forankre danseverkstaden på:

  1. I kommunar: Samarbeid med lokale myndigheiter for å utvikle danseverkstaden som ein integrert del av kommunens kulturtilbod. Dette kan være kulturskular, fritidsklubbar, folkehelsearbeidarar, miljøarbeidarar osv.

  2. I foreldrestyre og ungdomsstyre: Etablering av eit styre beståande av både foreldre og ungdomar som representerer interessene til deltakarane. Dette styret kan være med på å planlegge årshjul og alle aktivitetar, gje innspel til programmet og sikre at verkstaden er tilpassa ungdommens behov og ein sikker plass å være.

  3. I lag og organisasjonar: Samarbeide med lokale kultur- og idrettslag samt organisasjonar som fremjar ungdomsarbeid. Desse samarbeida kan bidra til resurs - deling på/under felles arrangement.

Modellens mål

  • Lågterskel tilbod, økonomisk og sosialt

  • La ungdom få ansvar og bli ressursar i lokalsamfunnet

  • Være en “Safe Zone” for born og ungdom

  • La ungdom bli sett og høyrt

  • “Mental utdanning”

  • Tilføre ungdomen kompetanse på eigen fritidsarena

  • Gje ungdom reel innflytelse og la dei være aktive deltakarar i beslutningar som gjeld eigen kvardag.

  • Skape nye arenaer og plattformar

  • Sette meistringsevne i fokus og utfordre kreativiteten

  • Nettverksbygging mellom kommunar og fylkesgrenser

  • Oppmuntre til refleksjon og bevisstgjering rundt egne valg og verdier

  • Integrering av fremmedkulturelle

  • Fokusere på ungdom som en ressurs

  • Være eit forebyggande tiltak/redskap i kvardagen

  • Remonterande verkstadar

  • Være eit forebyggande tiltak innan psykisk og fysisk helse

Etablere danseverkstad – ein modell i fem faser

  • Strategi og oppstart

    • Møte med kommunen

    • Kva krevast?

    • Økonomi

    • Elevbetaling og pengar på fond

    • Møte med ungdomar som vil kvalifisere seg

    • Årshjul for kvalifisering

    • Prøvedans (Audition)

    • Formalisering av kontrakter med deltakende ungdommer

    • Kommunestyrets vedtak på satsninga

    • Kvar forankre verkstaden?

    • Kulturskule/fritidsklubb, folkehelse koordinator, frivillighetssentral

  • Kvalifisering av ungdom

    • Oppstartsamtaler med ungdom og foreldre

    • Lokale til undervisning

    • Oppstart kvalifisering innen ulike dansesjangre

    • Samtalar etter kvar endt samling

  • Koreografi og instruksjon

    • Korleis jobbe med koreografi og utvikle koreografi

    • Musikkvalg og musikk-miksing

    • Instruktør-rolla

    • Anatomi, stretch, oppvarmingsprogram og skadeforebygging

    • Sikkerhet og direktiv for undervisning

  • Haldningsspørsmål og klargjering for åpning av den lokale danseverkstaden

    • Kven er eg? Korleis vil eg at andre skal sjå meg?

    • Ungdom, ikkje engler

    • Kva betyr det være eit forbilde?

    • Kva ansvar har du som forbilde m.m.

    • Lokaliteter til elevundervisning, skular, klasserom, gymsalar, fritidsklubbar, osv.

    • Forskjellige typar prosjekt

  • Oppsummering og evaluering

    • Kva no?

    • Framdrifta

    • Opplæring av ansvarlig leiar og voksenkontakt frå kommunen

    • Problemhandtering innad i verkstaden

Dette er kortversjonen av danseverkstadens opplæring. Totalprogrammet inneheld fleire omfattande element.

Nysgjerrig?

Vi kommer gjerne og forteller litt mer om ung til ung formidling, DUG modellen og om å etablere ein danseverkstad i din kommune.