Adriana Hoti Fjørstad

KOREOGRAF, DANS UTEN GRENSER

Adriana byrja som ung-instruktør i Dans Uten Grenser Førde i 2005. Ho har bachelorgrad i jazzdans frå Norges dansehøgskule, årsstudium i dans frå Bårdar Akademiet og Praktisk Pedagogisk utdanning frå Høgskulen på Vestlandet. Ho har i tillegg studert dans i New York kor ho opparbeida seg grunnlag og opplæring i musikal dans ved Broadway Dance Center.

Adriana har jobba som koreograf i Dans Uten Grenser i fleire år og har koreografert for fylkes- og jubileumsturnéer, solidaritetsprosjekt til Latvia og Litauen, og Italia prosjekt. Adriana har også jobba som dansepedagog for Den kulturelle skulesekken og dansa i Nøtteknekkeren i Grieghallen for kulturskulen i Bergen. Ho har jobba som dansepedagog på Kirkenær ballettskole og Vinderen Dansestudio i Oslo og for C dansestudio i Bergen . I tillegg har ho hatt danseopplæring på Bergen Private Gymnas og på Høgskulen i Bergen.

Som koreograf kjem Adriana godt forberedt til undervisninga. Ho er forventningsfull og har god struktur på produksjonene ho skapar, samtidig som ho skapar ein trygg og varm atmosfære for deltakerne.