Ove Henning Solheim

GRUNNLEGGAR, DANS UTEN GRENSER

Ove Henning Solheim etablerte Dans Uten Grenser i 1996. «Kultur gir helse» var et nasjonalt prosjekt satt i gang av Helse og sosialdepartementet og Norsk kulturråd i 1997 – 1999. Gjennom det lokalet prosjektet i Rygge kommune, blei dans eit satsningsområde for born og unge. Danseverkstad-modellen, no kjent som Dans Uten Grenser blei utvikla med virkemiddel som: Ung-til-ung formidling, arbeid med fleirkulturelt fellesskap, spredning av gode haldningar, verdiar, bevisstgjering av unge sine valg osv. Sogn og Fjordane var første fylke som satsa stort på dans i 2006. Alle kommunar som ynskja eit dansetilbod med ungdomar sjølve i spissen, fekk muligheit til dette.

Han har koreografert stykker i mange prosjekt iverksatt av Dans Uten Grenser, og skapte i 2005 prosjektet «Lucifero era anche un angelo» - eit samarbeid mellom dansarar fra Noreg og Italia. Framsyninga turnerte i Nord-Italia, og var starten på eit langvarig samarbeid mellom DUG Noreg og DUG Italia. 

Han har motteke utmerkelsar for sin innsats i arbeid med born og unge. 
• MOT prisen i Rygge kommune av Organisasjonen MOT i 1999
• Kulturprisen av Førde kommune i 2004
• Ove Henning og Dans Uten Grenser mottok Fylkeskulturprisen av Sogn og Fjordane Fylkeskommune i 2016

Ove Henning er sjølve kjerna i Dans Uten Grenser. Han er opptatt av å la ungdommen prøve og feile, samtidig som ein skal «pushe» dei til å tørre å ta sin plass på scena og ikkje ta seg sjølv så høgtidelig. Han er opptatt av å følgje ordtaket ungdomen sjølv har kome opp med - «ein plass for alle», og omfavner kjærleiken, gleda og alle kjensler som medfølgjer i møtet med ungdommane. Han blir omtala som «dansepappa» med god grunn, han er alltid ein trygg havn og ein ungdommen stolar på. Ei dansehelg med Ove Henning tilstades innebærer alvor, latter og glede

Foto: Ole Martin Volle