2024 - eit år for læring og kjærleik

Kjære alle saman,

Året 2024 har bydd på utfordringar, på godt og vondt. Det har vore sjukdom, danseglede, avlysningar, effektive produksjonshelger, latter, og tårer. Alt dette tek vi som kunnskap og med eit ynskje om å lære og erfare meir for kvar dag som går!

Ung-instruktørane frå danseverkstadane i Årdal, Leikanger, Sogndal, Luster, Balestrand, Førde, Florø, Jølster og Høyanger har gjennomført elevframsyningar kor elevar har vist kva dei har lært dette semesteret. Eg har vore på fleire av desse framsyningane i vinter, og er kry over dét ung-instruktørane våres får til og skapar saman med elevane sine. Gratulerer!

Vi er i god gong med produksjon av framsyninga "Dansedraum" - ein produksjon vi er spente over å presentere, spesielt då det markerer vårt 20 års jubileum i Sogn og Fjordane. I 20 år har ungdom undervist andre born og jamnaldrande i dans og ung-til-ung formidling, over 480 elevframsyningar er gjennomført med nærmare 100 000 publikummere spredt over heile fylket.

I året som er gått har vi inngått samarbeid med innhaldsskapar og tidlegare DUG’ar Anniken Gjørøy som vil være innhaldsansvarleg for prosjekt «SoMe». Valentin Pellegrino er filmskaper for informasjonssnutten «DUG på 1-2-3» kor vi intervjuer tidlegare DUG’arar, leiarar, foreldre m.m. Han er tidlegare DUG’ar frå Leikanger.

Barnekreftforeningen Vestland har saman med oss skapa koreografi til songen «Her og nå», som skal offentleggjerast på nyåret. Dette samarbeidet er vi ekstra kry over då vi får være med å støtte ein god sak og spre glede til born og familiar landet over.

Ove Henning Solheim, sjølve grunnmuren og ildsjela av Dans Uten Grenser har hatt eit år utanom det vanlege. Sjukdom og usikkerhet pregar kvardagen. Sjølv om endringar vil komme skal vi møte dette med opne armar - for DUG står framleis sentralt i tankane våres.

No er snart jula her, og vi vil ynskje alle ei riktig god førjulstid. Ta godt vare på kvarandre. Vi gler oss til fortsettelsen, og er klare for nok ein pangstart, av det nye året - 2025!

Med gode ynskjer,
Elisabeth Bustos, dagleg leiar
Dans Uten Grenser

Neste
Neste

Dans Uten Grenser: Ein bevegelse for ungdom og samfunnsendring