Dans Uten Grenser: Ein bevegelse for ungdom og samfunnsendring

Dans Uten Grenser ynskjer å finne ut korleis vi kan utvide arbeidet vårt for barn og unge. Med di hjelp kan vi gje ungdom ein plattform kor dei kan utvikle seg og bidra i sitt eige lokalsamfunn. Vi legg vekt på å formidle bodskapet om våre inkluderande program og å tilby lågterskeltilbod som fremjar meistring, tilhøyring og sunne livsstilar.

Kunne de vore interessert i ein presentasjon av våres erfaringar med ung-til-ung formidling, og korleis ung-til-ung formidling kan omsettast i praksis gjennom dans? Vi kjem!

Dans Uten Grenser er ein organisasjon som gjer unge mennesker eit alternativ til tradisjonelle fritidsaktivitetar ved å bruke dans som eit verktøy for inkludering, meistring og samfunnsansvar.

Modellen byggjer på ungdomsdeltaking, ansvar og medverknad. Kvalifisering av ungdom til å bli ung-til-ung formidlarar innan dans kor det vert lagt til rette for at ungdom kan undervise andre born og unge. Modellen er utvikla over 20 år og har 30 år køyretid i kommunar i Norge.

Vi trur på krafta i å gje ungdom ansvar. Gjennom tillit til eigen kreativitet og evne til meistring får ungdom rom til å blomstre – uavhengig av sosial status eller ferdigheiter. «Uten Grenser» er eintydig med at vi har opne dører for alle, kor økonomi, etnisitet og kjønn ikkje set grenser for deltaking.

Dans Uten Grenser har eit konkret mål:

Å gjere ein positiv forskjell for ungdom ved å tilby ein trygg, kreativ, inkluderande og uformell møteplass gjennom dans.

Utfordringane dagens samfunn står ovanfor, som til dømes svak sjølvregulering, utanforskap og problematiske familierelasjonar krev nye tilnærmingar. Vi ynskjer å vere denne tilnærminga, kor dansen sitt språk kan fremje psykisk helse, fysisk aktivitet og samfunnsansvar.

Ung til ung-formidling gjev ungdomane våres dirigentstaven. Dei er leiarar, læremeistrar og inspirasjon for generasjonane som kjem etter.

Vi organiserer dansesamfunn kor ungdom kan påverke si eiga utvikling og meistre nye ferdigheiter. Gjennom vår modell vert ungdom utrusta til å undervise yngre i sine lokalmiljø, med støtte frå programmet og vaksne.

Dans Uten Grenser har motteke fleire utmerkingar, dette ser vi på som eit vitnesbyrd om den positive effekten på både individ og samfunn. Vi har sett korleis ungdom som reiser ut og underviser gjennom barneheimsturnéar til Latvia og Litauen har skapt livslange band, kor dei samlar inn ressursar til barneheimane og opplever dei store gledene ved å gjere ein forskjell. Dans er eit språk utan ord. Danseverkstad-modellen gjer ungdom tillit og ansvar for eigen læring og samhandling.

Vi inviterer deg til å sjå korleis ungdom sjølv er nøkkelen til endring, ved at dei instruerer og inspirerer dei yngre i lokalsamfunna sine. Vi veit, at ved å gje ungdom rom til å påverke innhaldet og gjennomføre aktivitetar utan frykt for å feile, legg vi grunnlaget for meistring, tillit og tilhøyring. Kvart dansetrinn er ein moglegheit til å omfamne sunne livsstilar og positiv psykisk helse.

Ungdom seier: «Eg kan endre verda rundt meg.» Dette er fundamentet i vår filosofi kor engasjement frå ungdom sjølv er i sentrum. Vi må la ungdom feile i trygge omgjevnadar, i ein ofte sårbar periode i livet. Prosjektet vårt set ikkje berre fokus på underhaldning, men på verdiar som identitet, fellesskap og sosial støtte. Når ungdomsambassadørane i DUG reiser ut formidlar dei ikkje berre dans, men håp, glede og eit levande eksempel på korleis ein kan oppnå noko større enn seg sjølv.

Ungdom er gode rollemodellar som må og skal vere førebilete for andre i same aldersgruppe. Ungdom vil då ha lettare for å lytte og ta kvarandre på alvor.

Samfunnet står framfor mange utfordringar, og saman kan vi vere ei positiv kraft som skapar moglegheiter og forandring. Ved å satse på ungdom, satsar vi på morgondagen vår!

Forrige
Forrige

2024 - eit år for læring og kjærleik

Neste
Neste

Dans Uten Grenser samarbeidar med Barnekreftforeningen Vestland