Dans Uten Grenser samarbeidar med Barnekreftforeningen Vestland
Vi er så glade for å annonsere at, hausten 2024 har vi inngått eit samarbeid med Barnekreftforeningen Vestland!
Samarbeidet består i å lage koreografi og instruksjonsvideo til songen "Her og nå med Gullis", som kom ut no i haust. Gullis er maskoten til Barnekreftforeningen, og sjølvsagt må han ha sin eigen song og dans! Songen er skriven av Kari Malmanger i samarbeid med produsent Gjest Kvaale, og feature-artist er Eirik Zakariassen som tidlegare i år var aktuell i songkonkurransen “The Voice”.
Vi er takksame over å kunne presentere eit viktig og givende samarbeid. Vi er glad for å kunne ta del i eit så viktig prosjekt som forhåpentligvis vil glede mange born og familiar, i ei vanskeleg og ofte tung tid.
Vi gler oss til å sjå DEG danse Gullis-dansen!
Koreografi: Elisabeth Bustos
Dansere: Elisabeth Bustos og Austeja Adomaviciute