DUG logo

DUG-blogg

Dans Uten Grenser og covid-19 situasjonen

Publisert 2. februar 2022, 12.19  /  I kategorien Siste nytt

Ei lita helsing og oppdatering til alle «DUG-arane» fra Ove Henning.

Hei alle sammen!
Vi ynskjer alle eit godt nyttår. Håpar alle har det bra!

For snart to år sidan stengte Noreg ned. Arrangement blei utsatt, vi satt i gang digitale løysningar, og prosjekt måtte kansellerast til stor sorg for oss, og alle ungdommane våra.

Mykje har lenge vore slik det var i mars for to år sidan, men no ser endelig ting ut til å løsne opp.

Tirsdag 1. februar 2022 gjekk regjeringa ut og oppheva fleire restriksjoner, blant anna at idretten no kan foregå innendørs og utendørs med kontakt, med kontakt om nødvendig. Det betyr at danseverkstadane får opne opp for elevundervisning, og vi kan gjennomføre produksjonshelger i samband med årets fylkesturné!

Vi ser no at fleire og fleire kommunar gir grønt lys for skular og aktivitetar igjen. Sjølv om regjeringa åpnar opp for at ein endelig kan leve eit tilsynelatande «normalt» liv veit vi at omikron herjar rundt, men fagpersonell seier at det er ein lett versjon i forhold til det som var av koronaen til å begynne med. Vi satsar på å starte opp igjen med fylkesturneen for fullt. Heller ha med oss eingongs testar om smittevern ønskjer det. Om vi køyrer etter boka og er forsiktige, so tenkjer eg at det går bra!

Vi er alle kjende med å isolere og sette oss sjølv i karantene for å verne om kvarandre, og forhåpentlegvis vil det være verdt det til slutt. Vi er i god kontakt med smittevernleger rundt omkring i fylket, og vi gler oss til å møtes for å danse, le og skape magi saman igjen.

Ove Henning.

 

Sponsorer til fylkesturné 2022

Nyhetsbrev