Renate Fredheim har vært instruktør og koreograf for Dans Uten Grenser sidan 2012. Ho var ein del av instruktørgruppa «InMotion»i Luster kommune. Ho er i koreograf-staben til DUG og koreograferer til store prosjekt som fylkesturné, barneheimsprosjekt og Italia-turné. I tillegg er ho fast koreograf under kvalifiseringsprogrammet remontering. Ho er ansatt som koreograf og lærer på Lillehammer & Gjøvik dansesenter og tar koreografi-jobbar for blant anna Lillehammer kommune.
«Ungdommane er fantastiske og gjer meg så mykje energi og glede. Det å sjå framgangen deira frå første remonteringshelg til eit år seinare då dei er ferdige med kvalifiseringa er magisk! Utviklinga og sjølvtilliten dei får er som natt og dag.»
Renate Fredheim kjem frå Hafslo i Sogn, men har base på Lillehammer kor ho tek ein bachelor i markedsføring og ledelse av turismeopplevelser, samt ein bachelor i organisasjon og ledelse. Ho er hovudsakleg ein hip hop dansar med utdanning og erfaring innanfor hip hop og andre sjangerer under den urbane «paraplyen». Ho starta på Flow Dance Academy i Oslo hausten 2015, ein danseskule med fokus på hip hop og streetdans-stiler som house, break, funk, voguing og dancehall. Etter eit halvt år i Oslo bar vegen vidare til Paris på «søsterskulen» Flow Dance Academy Paris.
«Å få muligheta til å ta tre semester i Paris var ein utruleg lærerik opplevelse og eit miljø som legger til rette for ei bratt læringskurve. Opplevelser og erfaringer som freestyle, «battles» og store dansekonkurransar var noko av det eg opplevde i større grad.»
Foto: Lise Skjæraasen.
I løpet av oppholdet i Paris blei ho kjend med to andre dansere, dei danna dansegruppa «Eskargo» som framleis koreograferar og dansar saman. Dei har blant anna medvirka i musikkvideoen «Vil ha diig» med Eurovision-kjende KEiiNO.
Renate møtte opp på Dans Uten Grenser Luster sin prøvedans i 2008 og blei saman med fleire ungdommar samla for å danne den nye instruktørgruppa «InMotion». Saman med gruppa underviste ho i den lokale danseverkstaden til og med 2015, og reiste til Latvia med barneheimsprosjektet «Colours of care» og med forestillinga «The Last Dance» i Italia. Ho gjorde i 2012 sin første store koreografi-jobb til forestillinga «Wear It Like A Crown», ei forestilling produsert for instruktørgruppene «Prestige» og «Vrengt» i DUG Sogndal og DUG Førde.
«DUG har gitt meg og andre muligheitar som ingen andre gjer. Det kreative og kunstneriske, men òg med å setje krav til ein i frå ung alder. Eg torde nesten ikkje å stå framfor klassen min og halde ein presentasjon, korleis skulle eg då klare å undervise og være trygg ovanfor andre barn og unge?»
DUG satt forventningar for meg, og plutselig gjekk ting som presentasjonar fint. Eg blei meir sjølvsikker og opplevde ei meistringsfølelse utanom det vanlege. Det er viktig å gje ungdom ansvar og tillit – at ein har trua på dei.»
Instruktørgruppa «InMotion» under innstudering til forestillinga «The Last Dance» framført i Italia.
Foto: Ole Martin Volle/VolleMotion
Dersom ein skal satse på dans meiner Renate det er ein ting som er spesielt viktig – det å ha trua på seg sjølv. Å ha ei positiv innstilling, jobbe hardt og målretta samt ta til deg konstruktive tilbakemelding og møte utfordringane som kjem din veg.
«Dersom dansen gjer deg mykje glede og du har eit ønske om å prøve – «gjer det!» Eg synes sjølv det var ein skummel tanke å reise åleine til Oslo/Paris, og eg tvilte ofte på om eg var god nok. I dag sit eg igjen med tanken om at det har vore det beste valget eg har tatt! Dersom det av ein eller anna grunn ikkje skulle gå slik ein trudde så er vi så heldige at vi har mulighetar til å prøve andre retningar etterpå. Vær engasjert, vær motivert og finn gleden i det du gjer – om det er dans eller noko heilt anna. Og hugs, det er kjedelig å angre på noko ein ikkje gjorde.»
Rekruttering i Bergen kor Renate stod for koreografi.
Skribent: Elisabeth Bustos.