DUG logo

DUG-blogg

Foto: David Alexander Håpnes Leithe.

Ein gong DUG´ar, alltid DUG´ ar – Halvard Fossheim

Publisert 8. februar 2022, 21.53  /  I kategorien Ukategorisert

Halvard Fossheim var medlem av instruktørgruppa «Request» og ung- instruktør i Dans uten grenser Leikanger frå 2010 til 2014. Han var med på fylkesturnéen «På eigne bein» og solidaritetsprosjektet «Colours of care» – eit samarbeid mellom DUG Askvoll og DUG Leikanger med forestilling på barneheimar i Latvia.

 

 

 

Foto: David Alexander Håpnes Leithe.

Halvard starta kvalifiseringa gjennom remontering i 2010. Han sneik seg inn under ei dansehelg på Leikanger, og etter det var han solgt – dette skulle han òg være med på! Han instruerte » 3. – 5. klasse i breakdance og hip-hop ved DUG Leikanger . Ikkje lenge etter remonteringa satt DUG i gang fylkesturnéen «På eigne bein» kor han deltok aktivt som dansar.

Halvard flytta til Sandane i 2014 og begynte på Firda VGS ved musikklinja, med gitar som hovudinstrument. Der tok han del ta del i både dans, teater og musikk, og i midten av tredjeklasse var han med på sin første musikal, «Ein Midtsommarnattsdraum» av Shakespeare i rolla som Lysander. Dette gav interessa for musikal sjangeren, og vegen gjekk vidare til Viken folkehøgskule på musikallinja.

 


«Ein midtsommarnattsdraum»
Foto: Hans Græsli.

 

Interessa for musikal vaks og han begynte på Musikkteater-høyskolen institutt for å ta ein bachelor i musikkteater. Her var det tre år med mykje dans i både jazz, ballett, moderne og stepp, i tillegg til song og teater. I tillegg til å være student jobba han på Vega Scene, eit kulturhus med kino og teater, som publikumsvert.

 

Kva gjer du no?
Etter gjennomført bachelor begynte frilans-livet, og alt var stengt ned på grunn av korona. Det har ikkje vore så mykje jobbar eller auditions, men eg hadde fortsatt Vega jobben min og fekk i tillegg begynne å jobbe litt som event-teknikkar på teateret. Eg fekk òg jobba litt som inspisient og produksjonsassistent.

No som det endeleg har begynt å opne opp igjen i samfunnet har òg kulturtilboda blitt litt fleire. Og dei neste åtte månadane skal eg til Kreta og jobbe som entertainer for selskapet «Live Business» frå UK. Dette er ein aktuell og spennande jobb for meg, som er i den riktige retninga! Men draumen og håpet er framleis å få ei framtid som utøver i Noreg, å kanskje få oppleve å stå på ein av dei store scenene i Oslo som Det Norske Teateret, Folketeateret etc… 

 

 Musikalen «Hair»
Foto: David Alexander Håpnes Leithe.

 

Kva har DUG betydd for deg?
DUG var jo på si med musikken, starten på min kunstnariske utvikling og ein av faktorane til at eg har gått den vegen eg har gjort. Det har vert ein viktig grunnstein i framtidig arbeid, der dans har kome lett inn i kroppen i alle prosjekt eg har vært med på. Eg elskar framleis å danse og driv med dans på fulltid den dag i dag. Når eg tenker tilbake til tida med DUG kjem eg på kvifor eg valgte dette yrket. Den gangen var det berre rein danseglede utan bekymringar, og midt oppi eit heftig studieløp der man ikkje alltid følar seg heilt god nok er det fint å tenke tilbake til røtene og kvifor eg begynte med dans, song og teater.

  

Kvifor trur du DUG er viktig for ungdommen og evnt. Samfunnet?
DUG er ein plass for alle – alle får være ein del av noko stort og få eit samhald som er veldig sterkt. Ein får utvikle seg innan kunst, men også som menneske. Ein får være med på kjekke prosjekt kor ein jobbar med profesjonelle danse-instruktørar som inspirerar, «pusher» og inkluderar alle som er med gjennom fantastiske og krevjande koreografiar. DUG er eit veldig spesielt tilbod, og no etter å ha studert å jobba i Oslo i fire år, har eg framleis ikkje sett noko liknande tilbod.

 

Foto: Gudmundur Jonsson

 

Har DUG lært deg noko, som du har tatt med vidare ut i arbeids- eller student-livet?
Eg har lært mykje gjennom DUG, både som menneske og som dansar. Eg fekk eit tidleg inntrykk av korleis det er å være utøver, og kva som ligg bak det. Eg fekk store forbilde frå DUG som Dag Rune Sjøli, Mikael Rønne, Elisabeth Bustos og fleire. Dette er folk eg framleis ser opp til den dag i dag, som er med på å motivere meg.

Då eg begynte i DUG lærte eg noko utruleg viktig; Ikkje bry deg så masse om kva andre tenker. Det var ikkje lett å begynne velje dansen framfor fotball på bygda når alt dreiar seg om fotball. Skal eg være ærleg så blei det ikkje tatt så godt i mot, men dans og musikk var det eg ville drive med. Eg sto i det valet, noko eg virkelig ikkje angrar på!

 

Kva er dine beste minne frå tida di i DUG?
Eg hugsa godt mitt første møte med DUG, som eg framleis held kjært. Eg sneik meg inn i Leikanger-hallen under ei dansehelg då søstera mi var med og mor mi var koordinator. Då fekk eg sjå ein gjeng med danseglade sjeler som var i gang med remontering. Det såg så utruleg kjekt og spennande ut, og etter det møtet blei fotballen plutseleg litt mindre interessant… Innen neste dansehelg hadde eg meldt meg på.

Eit anna minne er den øvingshelga Dag Rune Sjøli tøygde meg og dei andre ung-instruktørane til tårer! Men skal seiast, eg har aldri har vært mjukare enn eg va då…

 

Skribent: Elisabeth Bustos.  

Sponsorer til fylkesturné 2022

Nyhetsbrev