DUG logo

DUG-blogg

Ein gong DUG’ar, alltid DUG’ar – Hanna Benfaddoul

Publisert 23. februar 2022, 8.52  /  I kategorien Ukategorisert

Hanna Benfaddoul var medlem av instruktørgruppa «Function» og ung-instruktør i Dans uten grenser Førde frå 2003. Saman med gruppa deltok ho blant anna på fylkesturné, solidaritetsprosjektet «Colours of care» til Latvia og Litauen, og danseturné til Cesenatico i Nord-Italia. I tillegg valgte ho musikk, dans og drama som linje på VGS.

Hanna starta som elev i DUG Førde under leiing av instruktørgruppa «Escape». Då ho blei eldre møtte ho opp på audition og deltok på fylkesturné som kvalifisering. Etter dette blei instruktørgruppa «Function» danna. Gruppa tok på seg fleire oppdrag og event i lokalmiljøet. Ei stund etter etablerte ho saman med tidlegare DUG’arar gruppa «Brutal» med hovudpunkt i Oslo. Dei opptrådte blant anna på God Morgen Norge og Oslo Fashion Week.
Foto: Privat. 


Kva gjer du no?
I dag jobbar eg i eit teater med dans som ein stor del av jobben. Utenom det tek eg andre oppdrag innenfor dans og kunst generelt. Ellers har eg ei utdanning i administrasjon og ledelse, og jobbar som førstekonsulent. Eg drømmer om å alltid ha dansen som ein del av livet mitt.

Kva har DUG betydd for deg?
DUG har vore og er framleis ein viktig del av livet mitt. Det er noko av det finaste og beste eg har tatt del i i oppveksten min. Å leve i den «bobla» som ei dansegruppe er fantastisk. Vi brukte stortsett alle dagane på å danse og forberede oss til eit eller anna show, om det var elevforestilling, framsyning på kjøpesenter, eller større turnèar.
Eg vaks mykje i DUG og følte eg  kunne være meg sjølv. Det gjorde òg at eg fant ut at dans var noko eg ville fortsette med. Eg trur nok eg kan takke DUG for at eg i dag jobbar med dans.
Eg vil òg takke DUG og Ove Henning for at andre mulighetar åpna seg for meg. DUG lærte meg kreativitet, samhold i gruppe med andre og samarbeid om å lage show  og framsyningar på scena. Det er noko eg har tatt med meg vidare i dansen.

Kvifor trur du DUG er viktig for ungdommen og evnt. Samfunnet?
Eg trur absolutt at DUG er viktig, det er ein plass kor ein føler seg trygg. Det er ein sosial plass med samhold, ein plass for alle. I DUG er det på samme tid rom for å tøyse, byggje vennskap og gjere noko produktivt. Solidaritetsprosjektet «Colours of care» til Latvia og Litauen er eit godt eksempel, det var virkelig ei reise utenom det vanlige. Vi var heldige å ta del i viktig solidaritetsarbeid på samme tid som vi fikk danse. Det er ein ubeskrivelig flott kombinasjon som eg veit mange der ute søkjer.
Eg meiner DUG er viktig for ungdommen og samfunnet fordi man tar del i noko sunt som kan være årsak til valg vidare i livet.

 

Har DUG lært deg noko, som du har tatt med vidare ut i arbeids- eller student-livet?
Ja absolutt. Blant anna samarbeid, og at resultat kjem av å øve og prøve igjen. At dans kan bringe folk sammen sjølv om ein ikkje snakkar det same språket. Dette fekk eg oppleve i Latvia og Litauen, kor ein ikkje forstod kvarandre verbalt. Dansen og kroppsspråk snakka gjorde det mulig å kommunisere på ein heilt ny måte.


Kva er ditt/dine beste minne(r) frå tida di i DUG?
Selvfølgelig er det å stå på scena og alle opplevelsane eg fekk være med på. Men òg alle små øyeblikk eg aldri ville vore foruten. Alt det morsomme som skjer «bak scena» som publikum ikkje ser, relasjonane ein får til andre ungdommar. Små øyeblikk kor gruppa ler saman av noko veldig tullete, om det er på øving, i bilturen på veg til en eller anna plass, eller i sovesalen på dansecamp. Dei små øyeblikka er gode minner.

  

Av alt du har vore med på gjennom DUG, kva er det som har gjort størst inntrykk og sett mest spor i deg?
Driven til Ove Henning. Og barneheimsbarna i Latvia og Litauen.

 

Skribent: Elisabeth Bustos.

Sponsorer til fylkesturné 2022

Nyhetsbrev