Gjennom ti år har meir enn 335.000 personar sett framsyningane til Dans utan grenser (DUG). Årlege 33.500 besøkjande er noko svært få kulturinstitusjonar her i fylket kan matcha.
Satsinga på danseverkstader starta i 2006 som ein del av folkehelsearbeidet i Sogn og Fjordane fylkeskommune, i nært samarbeid med kommunane i fylket. Danseverkstadane skulle vera eit positivt fritidstilbod for barn og unge som eit alternativ til dei tradisjonelle fritidsaktivitetane. For fylkeskommunen var det spesielt viktig at danseverkstaden vart eit tilbod som alle kunne ta del i uavhengig av kjønn, etnisitet, utsjånad og familieøkonomi.
Hausten 2006 starta 50 unge frå fem kommunar det første opplæringsløpet. Etter kvart følgde fleire etter. I løpet av halvtanna år fekk unge frå 15 kommunar opplæring og skulering i drift av danseverkstader både praktisk og økonomisk.
Modellen DUG er utvikla av Ove Henning Solheim som tok konseptet til heimfylket. Det er ikkje tvil om «dansegründeren» trefte blink med ung-til-ung-formidling som metodikk.
Det geniale er at instruktørane også er ungdom, såleis blir rollemodellane formidla til unge frå unge. Dette blir det lagt vekt på både i opplæringa og jobben dei gjer som instruktørar. Løn inngår ikkje som godtgjersle for jobben, men på cv’en sit dei att med brei kompetanse innan dans og opplæring, i det som skal til for å driva eit fritidstilbod.
I tillegg fortel mange om korleis oppgåva som instruktør har gitt dei trua på seg sjølve og puffa dei vidare til å ta nye utfordringar.
I eitt år har desse instruktørane frå elleve danseverkstader i fylket trent hardt for å øva inn jubileumsframsyninga dei no har reist fylket rundt med, for å markera tiltaket sitt ti-års jubileum.
Fleire instruktørar vel også å satsa på dans og instruksjon som leveveg. Danseferdigheiter og den breie kompetansen dei har fått gjennom den lokale danseverkstaden og i fylkesdekkjande førestillingar har vore medverkande til at nokre kjem inn på prestisjetunge institutt og studiar.
Desse unge kjem tilbake og fylket kan i tur og orden spela på eigen kompetanse når lokal dansecamp eller store fylkesforestillingar står for tur.
Det er ikkje tvil om at danseverkstadane er liv laga også framover, i alle fall den tid kommunane legg til rette med tenlege øvingslokale og oppfølging.
Leiarartikkel i Sogn Avis 3. desember 2016