DUG logo

DUG-blogg

RESTART – Fylkesturné 2022

Publisert 10. november 2022, 20.16  /  I kategorien Ukategorisert

Kjære alle samen!

Kjære sponsorer, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Vestland fylkeskommune, publikumarar og ikkje minst alle dansarar! Takk for magiske augneblikk og minneverdige stunder for alle som har sett og vært med å bidra i og under turneen.

  • 110 dansarar
  • 6 spelestadar
  • 7 forestillingar
  • Ca 2500 publikummarar

Eit år er snart forbi. Vi har hatt fokus på danseturnèen dette året.  Det har vert ein stor glede å jobbe saman med så engasjerte og dyktige ungdommar frå fylket vårt. Ein blir audmjuk i mange samanhengar når ein ser kor hardt ungdommen arbeidar. Lange dagar, såre føtter, vonde kroppar, latter og gråt – men alle fullfører. Det er vel ingen som forstår betre enn ungdommane og oss som jobbar med dette,  kor mykje som blir lagt ned i ein times forestilling –  alt skal kostymerast, det skal lagast utgangar og innganger på alle stykker, alle skal bespisast, alle skal ha overnatting. Her er det snakk om nattevakter, catering, koreografar til dei einskilde innslaga, musikkinnslag skal produserast. Alt dette og meir tar ungdommane del i.

Koreografi: Mikael Rønne.

Foto: Stefania Andrei.

Vi seier alltid på forestillingane våres, noko som vi er redde skal bli oppfatta som klisjé – at vi er glade i ungdommane våre. Men, sanninga er at vi er genuint opptatt av at ungdommane har det bra, at dei føler seg trygge og ivaretatt, at alle skal ha plassen sin og skal føle seg inkludert. Og det trur eg vi kan stå inne for.

Når det kjem til sjølve framsyningane har det vore mykje jubel, tårer, og eit enormt engasjement rundt showet. Eit publikum som har vore utruleg flinke til å vise entusiasme under forestillingane ved å applaudere og heie fram innslaga. Mange stoppar opp etter framsyninga og kjem med positive tilbakemeldingar til dansarane, men òg til oss som er ansvarleg for turnéen.

Foto: Stefania Andrei.

Koreografane under denne turneen har vært:
Elisabeth Bustos – dagleg leiar, prosjektleiar og koreograf.

Dag Rune Sjøli
Renate Fredheim
Mikael Rønne
Sofie Øren
Ove Henning Solheim – grunnleggar av Dans Uten Grenser og koreograf.

Saman har vi vore eit godt team som har fått fram det beste i ungdommane, variasjon i framsyninga, og ikkje minst det DUG  er kjende for – energi og uttrykk.

Ledskjermer utanfor Grieghallen.

Mykje kan seiast og mykje har allereie blitt sagt. Som grunnleggar av DUG har eg alltid vore oppteken av at ungdommane skal ha ein stor innvirkning på det vi driv med og representerer. Eg har alltid sagt – ungdom er ressursar når dei slepper til, og ein gjer dei tillit. I heile mi 25års karriere er det svært sjeldan eg har gått på nokon smell eller skuffelse i samarbeid med ungdommane. Dei fortjener muligheiter, å bli stolt på, og dei fortjener alltid sjangsar.

Eg og Elisabeth har same tankar om korleis ein skal handtere og jobbe i samarbeid med ungdommane. Vi er overvelda av kjærleiken dei viser oss, og gjer det vi kan for at dei skal kjenne på det same frå oss. Vi vil takke alle som har bidratt under turneen. Spesielt vil vi framheve dei som har gjort dette mogleg: Sparebanken Sogn og fjordane, Vestland fylkeskommune, dei lokale danseverkstadane og leiarane i dei forskjellige kommunane.

Foto: Stefania Andrei.

Vi vil takke Jostein Ratama v/Øyre lyd AS, catering for all god mat under prosjektet, foreldre som har stilt opp som vakter under bespisning og overnatting

Eg trur eg trygt kan sei at ungdommen har vore kjempestolte over forestillinga si. Stolt over å være ein DUG-ar, stolte over å være ildsjeler i lokalsamfunna sine. Og for første gong har vi fått vist oss fram i Bergen, i sjølvaste «storstova» – Grieghallen. Dette har vore ei stor oppleving og har inspirert ungdommen til å være aktive deltakarar i marknadsføringa, i Bergen – noko som resulterte i nesten full sal.

Foto: Stefania Andrei.

Dans Uten Grenser har vore 17 år i Sogn og Fjordane, og Vestland. Vi opplever og trur at behovet for alternative aktiviteter som DUG tilfører er ein viktig plattform for mange ungdommar. I tillegg til alle instruktørar har alle ungdommar eigne elevgrupper i kommunane sine.

Da var vi ferdig med ReStart turneen for 2022.
Takk for denne gangen.

Ved inngangen til Grieghallen.

 

Ove Henning Solheim og Elisabeth Bustos
Dans Uten Grenser

Sponsorer til fylkesturné 2022

Nyhetsbrev