Modellen vert til
Grundar Ove Henning Solheim byrja ” Dans uten grenser ” med eit ønskje om å gje noko til unge som han ikkje fekk då han var tenåring. Solheim var interessert i dans, og såg kva glede dans kunne gje unge som deltok på dansegolvet. I fleire år var han ein aktiv dansar, men ønskje om å koreografere og setje i gong med konkrete danseprosjekt tok etter kvart over. Etter å ha arrangert ulike tilbod om danseundervisning og sett i praksis kva som fungerte og ikkje fungerte i kontakt med ungdomen, byrja ideen om å utvikle ein modell for ein danseverkstad å ta form.
Unge skal bli sett
At born og unge skal bli sett og bli tekne på alvor var det viktigaste for Solheim då han i 1996 starta bedrifta ” Dans uten grenser ” (DUG). Han ville at det skulle lagast ein arena for dei unge, der dei hadde medstyringsrett i viktige avgjersler, og fekk opplæring i ung- til ung- formidling.
Ung – til –ung formidling var viktig for at ungdomane skulle kjenne eigarskap til dansen og undervisninga dei arbeidde med. Modellen forma eit program der ein vaksenleiar skal vere tilstades, men der ungdomane driv og utviklar dansemodellen.
Rygge kommune i Østfold var den første kommunen der prosjekt og modellar vart testa. Etter kom Breivik danseverkstad i Vestby kommune. I dei seinare åra har DUG vore med på å etablere liknande prosjekt i 28 andre kommunar i Norge, og i Cesena i Italia. Det er ei konstant nyetablering av danseverkstader og liknande prosjekt.
Meistring og fellesskap
Erfaringa syner at danseverkstadsmodellen gjev eit løft for mange born og unge. Ung- til –ung-formidling fangar opp og inkluderer unge som elles er uorganiserte. Alle dansarane får oppleve meistring, fellesskap, dei får synt seg fram og vere med på å skape ein positiv identitet. Som rollemodell formidlar ungdomane empowerment, toleranse, og førebygging av rus parallelt med fysisk aktivitet og kunstnarleg utfalding. Dei som tileignar seg metodikken får erfaring innan sosialpedagogisk arbeid som vil vare livet ut.








